Færre får studielånet sitt oppsagt

Publisert 27. januar 2022: Kva kjenneteiknar dei som får studielånet sitt sagt opp og overført til Statens innkrevjingssentral for inkasso? Ein ny analyse viser at færre får studielånet sitt oppsagt, men unge menn er mest utsett.

Dette er hovudfunna:

Delen oppsagte studielån synk

Lånekassen har nærmare 1,2 millionar kundar, der 729 000 er tilbakebetalarar. Rundt 20 000 av tilbakebetalarane får kvart år så store betalingsproblem at studielånet deira blir oppsagt. Delen oppsagte studielån har vore nedgåande dei siste ti åra. Mens nærmare seks prosent av alle studielån under tilbakebetaling var oppsagt i 2010, var delen minka til under tre prosent i 2020.

Oftare unge, menn og oftare født i utlandet

Dei som får studielånet sitt oppsagt, er oftare menn, er relativt unge og er oftare født i utlandet, samanlikna med tilbakebetalarane generelt. Dei har i større grad sist fått støtte til utdanning på grunnskole eller vidaregåande nivå, og dei har relativt låge studielån ved avslutta utdanning. Mange har svært låg inntekt og manglar tilknyting til arbeidslivet, både i perioden før og etter oppseiinga.

Oppseiing tidleg i «tilbakebetalingskarrieren»

For mange skjer oppseiinga tidleg i «tilbakebetalingskarrieren», allereie etter ti månader. Dette er det første tidspunktet lånet kan bli oppsagt, sidan første rekning kjem sju månader etter avslutta støtteperiode. Alle låntakarar kan søke om betalingsutsetting opptil 36 gonger (tre år) utan å oppgi grunn. Likevel har nærmare 30 prosent ikkje søkt om nokon betalingsutsetting før lånet blir oppsagt.

Analyse om misleghald av studielån