Færre utanlands-studentar får støtte til korte språkkurs

Årleg vel i underkant av 500 norske utanlandsstudentar å ta eit kort språkkurs før dei startar på ei utdanning i eit ikkje-engelskspråkleg land. Dette får dei støtte av Lånekassen til i form av eit språkstipend. Sidan denne ordninga blei innført på slutten av 90-talet, har bruken vore jamt fallande. Det viser ein analyse Lånekassen har gjort.

Publisert 18. april 2023: 

Språk kan vere ei barriere for utdanning i utlandet, og Lånekassen har to ordningar for å hjelpe studentane over dette hinderet: støtte til korte språkkurs (tidlegare kalla språkstipend) og støtte til lengre språkkurs. I denne analysen har vi sett nærmare på bruken av støtte til korte språkkurs. For analyse av ordninga med støtte til lengre språkkurs, sjå her.

Dette er støtte til korte språkkurs

Skal du studere i utlandet på eit anna undervisningsspråk enn engelsk, dansk eller svensk, kan du få støtte frå Lånekassen til språkkurs. Språkkurset må ha ein varigheit på minst fire veker. Du kan få støtte til korte språkkurs dersom du tar heile utdanninga i utlandet (gradsstudent) eller dersom du skal ta utveksling (utvekslingsstudent). Støtta blir gitt som stipend, og dette stipendet kan normalt berre bli gitt éin gong per språk. Storleiken på stipendet er i inneverande studieår på 23 127 kroner.

Dette er noko av det analysen viser: 


Størst bruk på midten av 2000-tallet

Over 12 000 utanlandsstudentar har fått støtte til korte språkkurs sidan ordninga kom i 1998–1999. På midten av 2000-tallet fekk om lag 20 prosent av dei som kunne få stipendet, støtte til korte språkkurs, medan i 2019–2020, som er det siste studieåret i analysen, var andelen om lag 8 prosent. Det har vore ein klar nedgang til tross for at kriteria for å få språkstipend har blitt mjuka opp, ved at berre delar av undervisninga må gå føre seg på eit anna språk enn engelsk, dansk eller svensk, og at språkkurset ikkje lenger må skje i forkant av fagutdanninga. Storleiken på stipendet auka også med om lag 10 prosent i 2016, utan at det ser ut til å ha hatt vesentlege konsekvensar for antalet som får det.

500 studentar årleg

I 2019–2020 fekk rundt 500 studentar støtte til korte språkkurs. Dette utgjorde om lag 8 prosent av alle som potensielt kunne få stipendet – det vil seie at 1 av 13 som kunne få dette stipendet, fekk det.

At bruken av ordninga med språkstipend går ned, kan ha samanheng med eit auka tilbod av engelskspråkleg utdanning også i ikkje-engelskspråklege land.


Større bruk blant utvekslingsstudentar enn gradsstudentar

Andelen utvekslingsstudentar som får språkstipend, er større enn andelen gradsstudentar – i dei siste åra har berre 1 av 17 av dei som har fått språkstipendet vore gradsstudentar. Ein mogleg årsak kan vere at det opplevast som ein høgare terskel for mange å ta ein heil grad på eit framandspråk enn berre delar av eit utvekslingsopphald. Det er også mogleg at ordninga er betre kjent for utvekslingsstudentar som får informasjon frå sine norske lærestader om støtta frå Lånekassen.

Det er også forskjellar i utdanningsnivå. Utvekslingsstudentar på masternivå får i større grad språkstipend enn utvekslingsstudentar på bachelornivå. Og blant utvekslingsstudentane er andelen som får stipendet større blant dei som er ute i meir enn eitt semester enn dei som er ute i eitt semester eller mindre. Dette kan truleg knytast til at studentar som reiser på lengre utvekslingsopphald investerer meir i opphaldet, både fagleg og kulturelt/sosialt.

Tysk, fransk og spansk på topp

Dei store framandspråka i norsk skole – tysk, fransk og spansk – utgjer om lag fire av fem tildelte språkstipend. Reknar vi også med italiensk og portugisisk, utgjer dette nesten 19 av 20 tildelte språkstipend. Dette kan tyde på at forkunnskapar i språket er vesentleg for at studentane nyttar ordninga med korte språkkurs, i tillegg til at det er mange som reiser til desse landa. Dette gjer at ordninga i mindre grad er relevant for studentar som reiser eller vurderer å reise til land kor dei ikkje kjenner språket, som for eksempel Russland, Kina, Sør-Afrika, Japan og Sør-Korea. Dette er land som inngår i den såkalla Panorama-strategien, som skal auke samarbeidet mellom land utanfor EU/EØS om utdanning, forsking og innovasjon.

 

Færre får støtte til korte språkkurs