Analyse av utvida stipend til skolepengar for utlandsstudentar

Publisert 31. mars 2022: Val av studiestad for norske utanlandsstudentar ser ut til å vere påverka av om universitetet står på tilleggsstipendlista eller ikkje.

Lånekassen har gjennomført ein analyse av tilleggsstipendordninga – som inneber at norske studentar får ekstra stipend for å studere ved utvalde universitet i utlandet – for å sjå om tilleggsstipend påverkar valet av studiestad for studentane. Tilleggsstipend (utvida stipend til dekning av skolepengar ved utvalde lærestader) skal bidra til at norske studentar vel å studere ved dei beste universiteta i utlandet.

I undervisningsåret 2016–2017 kom nye utvalskriterium, som medførte at talet på universitet som utløyste tilleggsstipend auka frå 92 til 120. I tillegg blei det ei stor utskifting, og 50 nye universitet kom inn på lista og 22 forsvann. I tillegg kom universitet frå fleire land enn tidlegare inn. Dessutan kom det inn mange universitet kor skolepengane var for låge til å utløyse tilleggsstipend. Tidlegare var det berre universitet i USA, Canada, Storbritannia og Australia som var representert på lista. Dei nye kriteria innebar at dei internasjonale rankinglistene Times Higher Education (THE) og Academic Ranking of World Universities (ARWU) skulle leggast til grunn for utforminga av lista.

I tillegg til ein historisk gjennomgang av ordninga, stiller analysen tre hovudspørsmål: Har fleire norske studentar begynt på studium ved universitet som kom inn på lista? Har færre norske studentar begynt på studium ved universiteta som forsvann ut? Har fleire begynt på universitet som kom inn på lista, men kor skolepengane er for låge til at studentane får tilleggsstipend?

Hovudkonklusjonen i analysen er at endringane i tilleggsstipendlista i 2016–2017 ser ut til å ha påverka valet for studentane både i Storbritannia og Kontinentaleuropa:

  • I Storbritannia, kor skolepengane generelt er høge, finn vi ei betydeleg endring frå 2015–2016 til 2016–2017. Blant universiteta som forsvann ut av lista var det ein nedgang på 45 prosent i talet på studentar som starta på utdanningar, medan det på universitet som kom inn på lista var ei auke på 18 prosent. Endringane varte i dei påfølgande åra.
  • I dei kontinentaleuropeiske landa som fekk universitet på tilleggsstipendlista (Nederland, Tyskland, Frankrike, Belgia og Sveits) er skolepengane generelt låge, noko som gjer at tilleggsstipendet svært sjeldan blir tildelt. Likevel var det i løpet av to år meir enn ei dobling av talet studentar som starta på utdanningar ved lærestadene som kom inn på lista i 2016–2017 i desse landa. Ved dei resterande universiteta i desse landa har talet på nye studentar vore forholdsvis stabilt.

Analysen kan tyde på at tilleggsstipendlista har ei påverking på val av universitet for studentane både gjennom ein økonomieffekt ved at studentane får tildelt meir stipend, og ein informasjonseffekt ved at den opplyser studentane om kva for universitet som har høg kvalitet. Resultata må likevel tolkast med forsiktigheit ettersom talet studentar er relativt lågt og det er fleire faktorar som verker inn på val av både studieland og studiestad.

Rapport om utvida stipend til skolepengar